Badstove Oppsjø Vasspark

Opplev den nye badstova i Oppsjø Vasspark

Bestilling

Vennligst ta kontakt så sjekker vi kapasiteten og pris på dette produktet. Velg riktig antall gjester og dato, og trykk på "Kontakt oss".

Informasjon

Kultur

Ål

Ål Kommune

Oppsjø Vasspark (Mellom Ål idrettsplass og Oppsjø Næringsåpark)

Dagen før, 20:00

Beskrivelse

Badstova ligg ved Ål idrettspark nærare bestemt mellom Bråta og Oppsjø Næringspark. Det er mogeleg å parkere på Bråta (adresse: Ål Idrettspark 1). Det er ca 500m å gå frå parkeringa, og på vinterstid må ein gå i skiløypa.

NB: Merk at badstova ikkje er varm ved ankomst. Oppvarmingstid er ca. 40 min. 

For å få tilgang til badstova må ein booke tid og hente ut nøkkel hjå Trø Te i Kuluvegen 1, eller hjå Visit Ål på Ålingen. Merk opningstider. Nøkkel må leverast tilbake same dag etter opphaldet. Om det er stengt så legg i så fall nøkkel i den grå postkassa  hjå Trø Te.

Ei hyggeleg oppleving i badstova startar med god hygiene. Vennlegast vær rein før du kjem, og bruk alltid eit handkle når du sit. Etter bruk, vennlegast rydd opp og tørk golva for vatn og sand. Ved overdriven tilgrising vil det bli fakturert eit reingjeringsgebyr på kr. 950,-.

Det er mogleg å skifte utanfor badstova. Ikkje skift i badstova. Sørg for å ta med badetøy, handkle og vatn å drikke. Hugs at all bading skjer på eigen risiko. 

Badstova har ein fast pris for bruk, men legg gjerne til kor mange som deltar slik at me får ein oversikt over talet på brukarane.

 

NB: Dersom de ynskjer å isbade skjer dette på eige ansvar, og de må sjølv ta med utstyr for å få hol på isen.

Badstovevettreglar



1.   Sitt på handkle i badstova. 

2.   All bading skjer på eige ansvar. Ikkje svømm aleine/usett.

3.   Vær oppmerksam på at det kan vere glatte golv både ute og inne.

4.   Spør før du heller vatn på omnen.

5.   Føler du deg ukomfortabel, svimmel eller trøtt – forlat badstova straks.

6.   Røyking er forbode. Ingen mat og snus i badstova.

7.   Det er ikkje lov å nyte alkohol på badeplassen og i badstova.

 

Pakkeliste til badstova

  • Hugs badetøy.
  • Ta med 2 handkle, eit til å sitte på (obligatorisk) og eit til å tørke deg med.
  • Sandalar eller badesko.
  • Pose til vått badetøy.
  • Ei stor flaske vatn.

Smykker og briller blir varme i badstova. Me rådar dykk til å ta dei av.

Ved å booke dette produktet aksepterer du reglane for å bruke badstova.

Ved å booke dette produktet aksepteres regler for bruk av badstova.

Produktdokumenter

Badstove Ål Vasspark

Last ned

Badstove Oppsjø Vasspark

Last ned

Egenskaper

Generelt

Nøkkeluthenting Nøkkel hentes ut hos Trø Te i Kuluvegen 1, eller hos Visit Ål på Ålingen kjøpesenter. Så langt det lar seg gjøre så skal denne leveres samme dag.